エピソード

  • E6: Med sterke hender
    2025/05/24

    I denne episoden møter me kvinner som bygde det nye landet med kroppsarbeid, uthald og varme. Gjennom sterke forteljingar og brev etter Lina Svåi, Gjertrud Rumohr Haug, Anna Slinde, Margretha Nesheim og Rakel Tonette Rannestad får me høyra korleis kvinnene bar ein heil kvardag i hendene: matlaging, vasking, barnepass og fjøsstel. Dei var også jordmødrer, sjukepassarar og kulturbærarar. I mangel av legehjelp var det nabokona som kom når eit barn skulle til verda. Og når døden banka på, var det dei same hendene som tok avskil.

    Kvinnefellesskapet vart ein livbøye. Dei delte på arbeid og ansvar, støtta kvarandre gjennom fødslar og sorg, song salmar og fortalde historier som styrka deira felles identiteten. Dei bygde samfunn som ikkje var baserte på materiell rikdom, men som var rike på tillit og medkjensle.

    Dette er ei forteljing om arbeid og samhald. Om kvinner som heldt heimar, gardar og samfunn oppe med sterke hender og klåre hovud.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Kjelder her


    続きを読む 一部表示
    49 分
  • E5: Møtet med Amerika
    2025/05/10

    Etter reisa over havet ventar det verkelege møtet med det nye landet – eit møte som for mange vart brutalt, einsamt og fullt av prøvingar. I denne episoden fylgjer me kvinner som landa i USA med håp og draumar, men som raskt vart møtt med kulde, kolera, arbeid utan løn og eit språk dei ikkje forstod.

    Gjennom sterke forteljingar frå Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Guri Rosseland og Margretha Nesheim får me høyra korleis det var å vera ny i eit samfunn. Dei kjempar seg gjennom sjukdom, avvising, borgarkrig og brutale indianaropprør – men finn òg varme, fellesskap og ei ny røyst i det amerikanske samfunnet.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    続きを読む 一部表示
    47 分
  • E4: Vegen vidare vest
    2025/04/26

    I episode 4 reiser me vidare vestover. Etter møtet med New York ventar ei ny og krevjande ferd innover i landet. Her handlar det ikkje lenger om båtreise, hav og kyst, men om tog, kanalar og dei endelause præriane. Me fylgjer nykomne kvinner som må finna fotfeste i ei framand verd – mellom språkbarrierar, svindel, sjukdom og brutal natur.

    Gjennom sterke og gripande forteljingar i brev frå Amerika kjem me tett på Gudrun Fagerlie, Linka Preus, Marta Larsen, Magreta Nesheim og Rakel Tonette Atlaksdatter. Dei syner oss korleis det var å vera kvinne på reise mot det ukjende med von, uro og einsemd i bagasjen.

    Frå overfylte togvogner, småkryp i senger, lyn som slår ned på prærien og til urett i kvardagslivet, skildrar denne episoden korleis det var å starta på nytt, utan garantiar. Mellom kulde, og samhald og svik, overleving og mot.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Kjelder her

    続きを読む 一部表示
    49 分
  • E3: Ei ny verd ventar
    2025/04/05

    I episode 2 fylgde me dei modige kvinnene som tok det store steget – som forlet Noreg for eit nytt liv. I episode 3 legg dei ut på sjølve reisa over havet.

    Å krysse Atlanterhavet var meir enn ein transportetappe – det var eit vendepunkt i livet. Gjennom brev, dagbøker og sterke scener møter me Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Rakel Tonette Atlaksdatter og Linka Preus. Dei tek oss med frå Vestlandet, gjennom tronge lugarar og stormfulle netter, til hamna i New York, der ei ny verd ventar.

    Sjøsjuke, skit og salmesong, folkedans og varme blikk mellom medpassasjerer – denne episoden skildrar fellesskap og overleving til havs, og alt som måtte leggjast bak for å kome vidare.


    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord


    Kjeldeinformasjon her

    続きを読む 一部表示
    35 分
  • E2: Oppbrot
    2025/03/22

    I episode 1 såg me på den historiske bakgrunnen for utvandringa – kva som dreiv folk til å reisa, og korleis verda såg ut for dei som tok det store steget.

    No går me tettare på sjølve oppbrotet. Å forlata Noreg på 1800-talet var ikkje berre ein fysisk overgang, men også eit emosjonelt og sosialt brot. For dei fleste var heimplassen eit livsvarig anker, og å riva seg laus frå ætt, jord og tryggleik var dramatisk. Likevel valde mange kvinner å bryte opp – i håp om fridom, nye moglegheiter, og ein sjanse til å forma si eiga framtid.

    I denne episoden vert me kjend med nokre av dei som tok denne avgjerda. Me møter me mellom anna Martha Georgina Larsen, som reiste frå Ryfylke i 1825, og Linka Preus, som skreiv tankevekkjande refleksjonar om kvinna si rolle i samfunnet. Me høyrer også Lina Svåi si gripande skildring av den siste dagen heima før ho reiste mot Amerika.

    Gjennom brev, dagbøker og historiske kjelder nærmar oss tankane og kjenslene til dei som stod på kaiane i Stavanger og Bergen, klare til å ta farvel med alt dei kjende. Kva ofra dei? Kva håpa dei å finna?

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
    Medredaktør: Katherine Jane Hanson
    Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen
    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber
    Støtta av: Fritt Ord

    Kjeldeinformasjon her

    続きを読む 一部表示
    36 分
  • E1: Vågespel
    2025/03/08

    Velkomen til lanseringa av Vågespel, ein podkast som lyfter fram historia om den norske kvinna som utvandra frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925.

    Kor mykje veit du om kvinnene som la ut på denne ferda? Korleis opplevde dei reisa, kva var det som dreiv dei, og kva utfordringar møtte dei i det nye landet? Me startar reisa attende med historiske kjelder og samtidsrelaterte perspektiv for å kasta nytt lys over utvandringa og dei menneskelege historiane bak.

    Før me dykker inn i dei personlege breva og dagbøkene, må me forstå den historiske bakgrunnen: Kva dreiv utvandringa, og korleis såg verda ut for dei som la ut på denne ferda?

    Denne episoden gjev deg bakgrunnskunnskapen du treng, slik at du lettare kan forstå og setje dei personlege forteljingane inn i ein større samanheng når me snart får høyre dei sterke historiene frå kvinnene sjølve. Frå neste episode, som kjem sundag 23. mars, vil du få høyre utvandrarkvinnene direkte gjennom utdrag frå breva og dagbøkene deira. Me vonar du vert med oss vidare på denne reisa!

    Lytt til episoden her:

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
    Medredaktør: Katherine J. Hanson
    Forteljar: Reidun Horvei
    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber
    Støtta av: Fritt Ord

    Kjelder:
    Semmingsen, I. (1941). Veien mot vest. [1]: Utvandringen fra Norge til Amerika 1825-1865 (2. oppl.). Oslo.
    Semmingsen, I. (1950). Veien mot vest. [2]: Utvandringen fra Norge 1865-1915. Oslo: Aschehoug.
    Blom, I. (1992). Cappelens kvinnehistorie. 2: Renessanse, reformasjon, revolusjon: Fra ca. 1500 til i dag. Oslo: Cappelen.
    Bergland, B. A., & Lahlum, L. A. (Red.). (2011). Norwegian American Women: Migration, Communities, and Identities(Illustriert utg.). Taschenbuch.
    Polgreen, L. (2025, January 31). Something extraordinary is happening all over the world. The New York Times.

    続きを読む 一部表示
    20 分